Bygland Frivlligsentral er så heldige og kunne tilby Besøkshund!
Balto og eigaren Maiken besøker gamleheimen på Bygland om lag to gonger i månaden. Balto er sertifisert som besøkshund gjennom Raude kors. Med seg harho skulelevar som også vil vere besøkvener.
Balto er ein likande kar, som tek livet med ro. Han helsar på de med ein løfta pote, om du vil. Vil du ikkje helse på han, held han respektfull avstand.
Balto har saman med eigar Maiken, vore besøkshund før, med stort hell. Kven likar vel ikkje ein roleg, skjønn og mjuk fuglehund som ein kan klappe og kosen med?
Balto og Maiken skal besøke Byglandsheimen i tida som kjem. Kanskje ser du Balto i andre samanhengar oså etterkvart?