Arrangement

Korpsøvingar

Logo
Arrangeres av:

Bygland hornmusikk øver på kulturscena (Bygland skule) kvar tysdag. Annan kvar tysdag kjem og dei frå Hovden, Bykle, Valle , Evje, Iveland og Kristiansand - då kallar vi oss gjerne Noregs lengste korps!

Vår faste dirigent er Ingrid Eieland Flåt - Ho syter for at vi har fine musikkstykkje å spele på, musikalsk utvikling og muntre øvingar!

Det unike er at alle bjudar på og er seg sjølve - og at vi er ganske så uhøgtidlege på unoter og ditto fornøgde når det kjem gromme klangar og det let slik vi gjerne vil! Korpset er summen av ulike folk med positiv innstilling og mykje buldrande korpsglede og passe store ambisjonar på eigne og alles vegne. Då let det gjerne overraskande bra! Alle som held seg i regionen i kortare eller lengre periodar i regionen - som elevar ved vidaregåande skular, folkehøgskular, insitusjonar eller har flytta hit av ein eller anna grunn - er velkomen til å bli med av og til eller fast :-)

Kategori
Express

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

Gjentakende aktivitet

October 13, 2026 — June 8, 2027, 16:00 — 18:00

Foregår på disse dagene — tir

Praktisk informasjon

Sted:Kulturscena Bygland
Adresse:Fv322 140, 4745 Bygland, Norge
Kontaktperson:
Dager aktiviteten skjer: tirsdag 10. november 2026 tirsdag 17. november 2026 tirsdag 24. november 2026 tirsdag 1. desember 2026 tirsdag 8. desember 2026 tirsdag 15. desember 2026 tirsdag 22. desember 2026

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart