Bygland Frivilligsentral inviterar alle som har vore frivillig i Bygland Frivilligsentral i 2026, OG inntil 2 deltagarar frå alle lag og foreningar i Bygland til felles Jolebord på Revsnes.
I høve vedteke Frivilligpolitikk, har Bygland kommune forplikta seg til to dialogmøte i året. Samstundes har me fått midlar slik at vi no kan invitere alle lag og foreninger til ei felles feiring av frivilligheta.
Det vil vere eit dialogmøte først, og deretter spanderer me middag og dessert.
I den delen som omhandlar dialog, vil me sjå på korleis me kan samarbeide om det som er ønskeleg frå frivilligheta og frå kommunen sitt ståsted.
Merk: det er berre menneske som har bidrege som frivillige i Frivilligsentralen i 2026, eller frivillige i lag og foreningar kan melde seg på.