Arrangement

JULEGÅVETRE

Arrangeres av:

Det er faktisk slik at ikkje alle har moglegheit til å kjøpe gåve til borna sine, eller til nokon dei er glad i, eller til seg sjølve! Dette tilbodet er til deg. Det er og til deg som har lyst til å bidra til at andre får noko dei ønskjer seg. Alle kan melde inn ønskjer, og det er heilt anonymt. Din ønske lapp, kan like gjerne hamne på eit tre på Evje og inneheld kun eit løpenummer som er heilt anonymt.

Jolegåvetreet er eit resultat av fleire samarbeidspartnarar. Evje og Hornnes Røde Kors, Evje og Hornnes Sanitetsforeining, Evje Blå Kors, Byglandsfjord Grendelag, Bygland Frivilligsentral, Evje og Hornnes frivilligsentral og kyrkjene i Evje og Hornnes. Dette har vore eit tilbod på Evje i fleire år, og Bygland er no så heldig å få vere med å arrangere opplegget.

Konseptet er slik:

Til deg som har eit ønske:

Dei som ønskjer seg noko til jul, kan melde inn ønska sine til nokon i lista under. Det kan for eksempel vere: Jente, 7 år, Lego Friends. Den som tek i mot ønsket, held alt anonymt slik at ingen veit kven som har sendt inn ønske bortsett frå kontaktpersonen. Kontaktpersonen har teieplikt.

Både born og vaksne kan melde inn ønskje, men gåvene skal vere til barn opp til 18 år. Me håper så inderleg at du som kjenner at dette hadde vore fint, melder det inn til nokre av kontaktpersonane under. Du treng ikkje kontakte personar i same kommune. Ta kontakt med ein av dei namna under! Det står også ei postkasse på utsida av Frivilligsentralen på Bygland. Her kan du leggje inn eit ønskje, så vert du med på opplegget.

Til deg som vil kjøpe ei gåve:

Det vil stå eit juletre på Joker Bygland, på Coop Byglandsfjord, samt Europris Evje og i Evje sentrum. Her kan du vele deg ein lapp, med eit ønskje som du har lyst til å oppfylle. Du kjøper gåva, og leverer den saman med lappen til ein av dei kontaktpunkta nemnt under. Hentar du lapp Bygland, så er det naturleg å levere gåva inn til Frivilligsentralen eller Byglandsfjord grendelag. Du kan også levere gåva på Joker Bygland. Anbefalt maks pris: 500kr.

Har du ikkje moglegheit til å gjere dette, fortvil ikkje. Du kan vippse eit beløp til Evje og Hornnes Røde Kors som vil nytte det til å kjøpe inn gåver.

PS: Me kan ikkje garantere at alle ønska vert oppfylt.

Kategori
Debate

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

December 1, 2026, 11:00 — December 18, 2026, 16:00

Praktisk informasjon

Sted:Joker Bygland/ Bygland Ungdomsklubb
Adresse:Sentrum 20, 4745 Bygland, Norge
Kontaktperson:

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart