Vi treng frivillige!
Likar du å spele? Då er dette plassen for deg. Her kan du som frivillig bidra til at menneske i Bygland har ein møtestad, der det sosiale og bingo er i fokus.
Aldersgruppe: For alle
Her kan du kome annakvar tysdag kveld, og spele bingo. Du betalar for bingobrett og kaffi. Det vert servert noko å bite i i pausen.
Det vert delt ut fleire små gevnistar og ein hovudgevinst på siste brettet.
Dette er sosialt og morosamt.
Eit veldig populært tilbod på Frivilligsentralen, men som har plass til fleire! Vil du vere Frivillig på dette? Trykk delta nede til høgre, så kontaktar me deg. Du treng ikkje delta kvar gong. Ein frivillig deltek ca to-tre gonger per halvår.